Opplev kongevegen

Maristova - Borlaug

Fakta

Tidsbruk
2 t
Avstand
7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Passer for
Alle
Tilgjengelig
Mai - Oktober

Beskrivelse

For mange er strekninga mellom Maristova og Borlaug den best bevarte løyndomen på Kongevegen over Filefjell.

Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter.

Nabostrekningane er fjellstrekket Kyrkjestølen-Maristova og Borlaug-Borgund stavkyrkje.

Startar du på Maristova og går vestover, møter du straks på dei to flotte trebruene like nedanfor Maristova-tunet som er bygd etter generalvegmester Hammer sin «Vejinstrux» frå 1794. Slike bruer stod her då kongevegen var ferdig i 1790-åra.

Herfrå går kongevegen vidare på rette, graskledde strekningar. 

 

OMVEG HONINGANE

Følg skiltinga vidare. Du må krysse E16 og følge autentisk kongeveg vidare under nye europavegen. Om du vil, kan du herifrå gå den korte omvegen rundt Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen.

Ved Honingane er det fleire bruer frå minst fire forskjellige vegtrasear. Her går du på grusveg frå 1860. Området har namn etter ei «hone» som betyr geit. 

Stølen ved den eine brua er bygd opp att og kan nyttast av vandrande, både til pause eller overnatting. Det er ein nøkkelboks på veggen. Ring 900 53 796 (Lærdal kommune, kulturkontoret) for å få koden. Ta med sovepose. Det er ikkje elektrisitet i hytta. Utedo.

Tilbake til kongevegen går du ned grusvegen frå 1860 ned mot E16-brua som går inn i tunnelen. Gå under brua og litt opp mot Maristova att. Følg skilta inn på autentisk kongeveg.

 

VIDARE NEDOVER

Om du ikkje går omvegen om Honingane og vil halde fram; følg skiltinga vidare under europavegen. Du passerer ein bekk og går på på ein veg som er bygd inn i vegkroppen til E16. Gå under E16-brua og opp att mot Marsitova cirka 100 meter. Ikkje følg gamle E16 nedover.

Opp bakkane her kongevegen går vidare inn på autentisk graskledd veg som inntil nyleg har vore lite tilgjengeleg for vandrarar. Dette er eit godt bevart vegstykke av kongevegen. Cirka 1,6 kilometer lenger nede møter du Brattebakken bru som går over elva Smedøla.

Dagens Brattebakken bru er ei hengebru bygd etter inspirasjon av dei gamle kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen. Generalvegmeister Christopher J. Hammer ville at endestolpane på kongevegbruene skulle ha eit «sirat», eit smykke, på stolpane. Endestolpane på hengebrua har difor fått ei slik utforming.

Den opphavelege Brattebakken bru var Vestlandets einaste utleggsbru. Bygginga starta hausten 1791 og opna sommaren 1792, men har gått tapt for lenge sidan. Brukara står att på begge sider og er verna. Difor vart løysinga å bygge ei høg hengebru ved sida av.

Når du er komen over hengebrua, gå opp til gamle E16 og ta steintrappa vidare opp på natursti. Her gjekk kongevegen då den vart bygd, men omleggingar og utbetringar frå 1850-åra og framover har sprengt den vekk. I dag går restane av kongevegen over gamle E16.

Så går Kongevegen etter kvart vidare over Raudgalden, ein av fleire parti langs vegen som var skremmande for dei vegfarande i gamal tid, stupbratt og farleg når det var glatt. Namnet kjem av at fjellet har raud farge.

 

GRAM

Etter Raudgalden held du fram bak tun og smågarder og kjem til Gram, som er eit gamalt norsk namn for konge.

Her held du fram gjennom grindene og inn på tunet (som eigentleg var gamle E16). Det kan sjå ut som du kjem til eit privat område, men det er her du skal gå, og ikkje gå bak fjøsen, til dømes. Kanskje kjem sauelam og helser på deg? Hugs å late att grindene.

Kongevegen held fram til venstre for gamle E16, og så inn på asfalt 900 meter til kongevegen tek av til venstre opp bakkane igjen. 

Her går den gamle ferdselsåra vidare mot Borlaug. Nokre gonger er heile vegbana inntakt, nokre gonger går du på halve bana og ser resten av vegen har stupt i avgrunnen, nokre gonger går du på asfaltsti. 

Du går langs elva Smedøla heile vegen og kjem til slutt til Ulvisbakken, der finlandssvensken Wilhelm Cappelen måla den vakre utsikta medan han sjekka tilstanden om kongevegen før statthaldaren skulle komme.

Eit stykke etter går går kongevegen gjennom eit lunt granskogområde, mellom anna rett forbi kjellaren til husmannsplassen Flathagen.

Du går over ei mark over taket på Borlaugstunnelen, og går vidare over små og store bruker til du kjem til grenda Borlaug, heilt øverst i Lærdal.

 

VEGKRYSS

Borlaug har i fleire hundre år vore eit viktig kryss for vegfarande mellom aust og vest. Vegen over Filefjell har alltid komme ned her. Og frå 1840-åra stod køyrevegen over Hemsedalsfjellet ferdig.

Her kan du vitje Borlo bygdetun og du kan overnatte hjå HI Borlaug vandrarheim.

Borlo bygdetun er eit privat oppbygd museum med gamle bygningar og utstyr. I tunet er det infooppslag på kvart hus.

Dersom du held direkte fram på neste delstrekning, som er Borlaug-Borgund stavkyrkje, går du forbi bygdetunet og nedover marka på autentisk kongeveg - det går ein gråsteinsmur i traséen. Etter nokre hundre meter må du passere eit gjerde, og gå langs E16 (mesteparten bak ein låg voll) cirka 500 ned til krysset mot Borgund sentrum.

I krysset tek du inn på fylkesvegen mot Borgund sentrum.

Neste delstrekning vestover: Borlaug-Borgund stavkyrkje
Neste delstrekning austover: Maristova-Borlaug