Opplev kongevegen

Tyinkrysset - Kyrkjestølen

Fakta

Tidsbruk
1,5t
Avstand
7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Passer for
Alle
Tilgjengelig
Mai-Oktober

Beskrivelse

Denne delstrekninga tek deg det siste steget opp mot høgfjellet.

Store deler av vandringa går langs vakre Otrøvann. Vatnet er også kalla Støgovatnet. Det ligg 971 m.o.h.

Nabostrekningane er Øye stavkyrkje-Tyinkrysset og Kyrkjestølen-Maristova.

Kongevegen går delvis på autentisk kongeveg, nokre gonger langs med gamle E16, nokre gonger må du krysse gamlevegen.

Du startar turen ved å gå opp bakkane frå Tyinkrysset. Desse bakkane er omtala i fleire reiseskildringar frå 1800-talet. Spesielt den siste biten, bakkane nord for Tørisbrui og opp til Otrøvatnet, var hard for hestane. Stopp og les om strabasane opp «Brekkudn» på kongeveginfoskiltet langs vegen.

Her er også utedo for kongevegvandrarar.

Du går forbi skitrekket og hyttefelta som ligg i skogsterrenget på sørsida. Og held fram mellom Otrøvatn og Otrøfjell, langsmed vatnet, mot Nystuen. 

 

MØTEPLASS

Etter den gamle skysstasjonen Nystuen går du rett over åsen og ned til Kyrkjestølane. 

Vel framme er du i eit gammelt kulturlandskap. Her står St. Tomaskyrkja.

Den opphavelege Tomaskyrkja var ei stavkyrkje, truleg bygd omkring 1200. 

Området rundt St. Tomaskyrkja utvikla seg på 16- og 1700-talet til å bli ein marknadsplass, der folk frå Valdres, Sogn, Hallingdal og Gudbrandsdalen møttest, somme for å drikke og slåst, somme for å finne seg ektemake, somme for å kapp-ri og byte hestar - og kanskje høyre Guds ord.

 

VILLSKAP

Det vart sagt at her på Kyrkjestølen vart «mang ein hest vart sprengt, mang ei møy krenkt og mang ein sprek kar dengt». Eller som slidrepresten Hermann Ruge skreiv: «mang en piges jomfrudom fik sin jordeferd».

Mange geistlege (utanom dei frå Vang) meinte kyrkja måtte «nedbrydes» for å få slutt på styggedomen. Og slik gjekk det. Kyrkja vart riven i 1808. 

Men folk sakna kyrkja. Eit godt stykke innpå 1900-talet byrja folk å samle inn pengar, og ei ny kyrkje vart innvidd i 1971 rett ved der stavkyrkja hadde stått.

 

KORT TUR

Frå Tyinkrysset til Kyrkjestølane har du ikkje gått mange høgdemetrane, frå cirka 900 ved Tyinkrysset via 980 m.o.h. ved Nystuen og ned att til 956 m.o.h. ved Kyrkjestølane.

Men det er ein fin tur og ein av dei kortaste delstrekningane på Kongevegen over Filefjell.

Det som er rekna som dagens Kyrkjestølen er i drift og du kan kjøpe mat eller overnatte her.