Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men for å beskytte delstrekningar som er autentiske og verna går sykkelruta på parallelle trasèar. Mellom Maristova og Borgund er det ingen verna delstrekningar.
Denne omtalen byrjar på Maristova og held fram mot vest:
Start ved Maristova (800 moh.) der du kan overnatte i moderne hytter eller i leiligheter hjå Maristuen Fjellferie og besøke det private museet Margretestuen Fjellstovemuseum - bygd som innkvartering til generalvegmeister C. J. Hammer og arbeidsleiaren, kaptein Wilhelm Jürgensen, til bygginga av Kongvegen over Filefjell.
FLEIRE ALTERNATIV
Også her er det fleire alternativ om du velger å sykle:
Første alternativet er den autentiske kongevegen Maristova-Brattebakken-Borlaug (men her må du trille sykkelen over ei hengebru), andre alternativet er gamle E16 frå Maristova til Borlaug.
Men du kan også, rett etter Maristova, ta ein liten omveg ned til Honingane, som er eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen.
Då må du krysse E16. Ved Honingane er det fleire bruer frå minst fire forskjellige vegtrasear. Her syklar du mellom anna på grusveg frå 1860. Området har namn etter ei «hone» som betyr geit.
Stølen ved den eine brua er bygd opp att og kan nyttast til pause eller overnatting. Det er ein nøkkelboks på veggen. Ring 993 76 631 (Lærdal kommune, kulturkontoret) for å få koden. Ta med sovepose. Det er ikkje elektrisitet i hytta. Utedo.
For å komme tilbake mot Kongevegen syklar du ned grusvegen frå 1860 (her er dei ei grind, det er mogleg du må løfte sykkelen over) ned til E16-brua som går inn i tunnelen. Hald fram under brua. Vil du sykle (trille) sykkelen på autentisk kongeveg, syklar du på gang- og sykkelsti litt opp mot Maristova igjen, før du tek inn på den autentisk Kongevegen ned dalen.
Eller du held fram frå brua og nedover langs gamle E16.
Gamle E16 tek deg uforstyrra heilt ned til Borlaug. Du passerar fjellgrenda Gram med geiter, sauer og geitostproduksjon, og held fram ned til Borlaug øvst i Lærdal, der nye E16 møter Riksveg 52.
HENGEBRU
Den autentiske Kongevegen går på andre sida av elva Smedøla, og cirka 1,5 kilometer frå der du tek inn på vegen, kjem du til Brattebakken bru.
Dette er ei høg hengebru bygd etter inspirasjon av dei gamle kongevegbruene du ellers finn på Kongevegen. Her må du bere/trille sykkelen. Brua erstattar den einaste utleggsbrua som var bygd på Vestlandet, og som stod ferdig her i juli 1792.
Framleis står brukara etter utleggsbrua. Dei er verna, difor er det bygd hengebru ved sida av.
Frå hengebrua går du ein liten bakke opp til gamle E16, og frå der går den originale kongevegleia oppover skråninga (kongevegen vart sprengt vekk under seinare vegutbetringar) opp mot Raudgalden. Med sykkel bør du i staden følge gamle E16 ned til Borlaug.
Ved Gram går den originale kongevegtraseen inn i skogen igjen. Framleis kan det vere lurt å sykle gamle E16.
Avstanden frå Maristova til Borlaug er cirka 7,5 kilometer.
GAMALT KRYSS
Borlaug har i fleire hundre år vore eit viktig kryss for vegfarande mellom aust og vest. Vegen over Filefjell har komme ned her og i 1840-åra stod køyrevegen over Hemsedalsfjellet ferdig.
Her kan du vitje Borlo bygdetun og du kan overnatte hjå HI Borlaug vandrarheim.
Borlo bygdetun er eit privat oppbygd museum med gamle bygningar og utstyr. I tunet er det infooppslag på kvart hus.
Frå Borlaug går både vandreruta og sykkelruta til Kongevegen over Filefjell på asfalt gjennom Borgund.
Du byrjar ved å sykle langs E16 cirka 500 meter ned til krysset som viser veg inn til Borgund sentrum. Deretter følger du bygdevegen (gamle E16) gjennom den vakre fjellbygda.
Dy syklar forbi små vestlandsgardar med beiteland for sau og geit. Fleire campingplassar ligg her, mellom anna Steinklepp camping, som ligg mellom vegen og elva. På gården på haugen over elva, finn du også Tufte kårhus.
Du passerar Hegg, som var skysstasjon og hotell i gamle dagar. Like etter Hegg vil du sjå den store gravhaugen etter bygdehøvdigen Spenning Hegg på di venstre side. Det står ein 2,6 meter høg bauta på haugen.
BORGUND SENTRUM
Etter kvart kjem du til Steinklepp, som er sentrum i Borgund. Her er samfunnshus, pub i Postaabneriet Pub og cafè, gatekjøken og nærbutikk. Du kan også overnatte her, i hyttene til Eggum gard.
Trenger du å proviantere, kan du stogge ved Borgund nærbutikk og bakst, som ligg kloss i vegen. Ein kilometer lenger nede finn du også Borgund hyttesenter og camping. Her er servering.
© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA