Opplev kongevegen

Vindhellavegen

Fakta

Tidsbruk
1t
Avstand
2,7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Passer for
Alle
Tilgjengelig
mai - oktober

Beskrivelse

Eigentleg var det eit mislykka vegprosjekt. Men dei tronge kurvene på høge murar i bratt stigning har gjort Vindhellavegen berømt.

Heile delstrekninga går på autentisk kongeveg. Går du vestover mot Lærdalsøyri endar delstrekninga ved Rimskjold.

Ved Rimskjold er det parkering og toalett (bak hjørnet på ungdomshuset). Rimskjold (og kyrkjeområdet) er begge utgangspunkt for rundturen Vindhella-Sverrestigen.

 

BRATTE VEGAR

Fersla mellom aust og vest har alltid gått gjennom det tronge Vindhella-skaret ovanfor Borgund stavkyrkje.

Først som ride- og kløvjeveg over livsfarlege galdar (som gjerne var tronge, bratte fjellhyller). Deretter som køyreveg. Ikkje før kongevegen kom i 1790-åra vart vegen farande slik som vi ser den i dag.

Men kongevegen vart bygd bratt. Stigninga var på 1:4, og det kunne vere hardt for hest og kar å kome ned, spesielt vinterstid.

Så i 1840-åra prøvde vegstyresmaktene å gjere noko. Dei bygde ny hest- og kjerreveg på høge murar gjennom skaret, og la inn ein ekstra sving for å prøve å redusere stigninga.

Vegen vart bygd etter nye byggeprinsipp som til dels ikkje var utprøvd i dåtidas Norge. Den ligg høgt i terrenget, og fekk fire 180 graderssvingar, bygd opp av høge steinmurar.

Men stigninga vart ikkje mykje betre. Den vart redusert til 1:5. Så vegane gjennom Vindhellaskaret var eigentleg to mislukka prosjekt - dersom vi berre ser på stigninga.

Bildet er sjølvsagt ikkje så enkelt. Både kongevegen frå 1790-åra og erstattaren Bergenske Hovedvej frå 1840-åra var ingeniørbragdar. Og flotte vegmeisterverk på høge murar som i dag framstår som kanskje norges vakraste vegkulturminne.

Kongevegen har fått Vakre Vegars Pris og EU sin høgsthengjande kutlturminnepris, Europa Nostra. Vindhellavegen bidrog mykje til det.

 

TO VEGAR

I dag går du gjennom Vindhella på 1843-vegen. Den gamle Kongevegen frå 1790-åra er synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen ei brukstid på cirka 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi.

Då var dynamitten teken i bruk, og dalbotnen som til då berre hadde hatt plass til elva, fekk sprengt ein veg inn i seg.

Her gjekk E16 til Borgundtunnelen opna i 2004.

 

BYGDEBORG OG SAGAKONGE

Ynskjer du å gå ein rundtur, anbefaler vi å gå Vindhellavegen den eine vegen og Sverrestigen attende. På kartet er Vindhellavegen den rettaste lina mellom Husum og Borgund, mens Sverrestigen går som ein hestesko mot sør.

Historia fortel at Kong Sverre i oktober 1177 tok Sverrestigen for å omgå bøndene som stod klare til å lempe stein og tømmerstokkar i hovudet på birkebeinarane som skulle passere. Kong Sverre angreip bøndene i ryggen, og jaga dei på flukt.

Rundturen går rundt fjelltoppen «Klanten», som truleg har vore ei gamal bygdeborg.

Denne bygdeborga har gitt Borgund namnet. Borgund (Borg-und) kan bety «under borgen».

Skriv gjerne namnet ditt inn i turboka ved Smihedleren øverst i Vindhella-svingane.