Opplev kongevegen

Borgund - Lærdalsøyri

Fakta

Tidsbruk
4 timar
Avstand
35 km.
Vanskelegheitsgrad
Enkel
Tilgjengeleg
Heile året

Sykkelruta på Kongevegen over Filefjell følger same rute som turvegen kongevegen, men for å beskytte delstrekningar som er autentiske og verna går sykkelruta på parallelle trasèar.
Første del av Borgund-Lærdalsøyri inneheld fleire av dei meste kjende og sårbare delstrekningane, slik som verna Vindhella og freda Galdane, som i tillegg går gjennom nasjonalpark. Her bør du trille sykkelen. Dei lite trafikkerte fylkesvegane som går parallellt er svært gode alternativ for sykkel.

Denne omtalen byrjar i Borgund og held fram mot Lærdalsøyri:

Du startar der du eventuelt har valt å overnatte i Borgund. Plassar å bu er Steinklepp camping, Borgund Hyttesenter og Camping, Eggum gard, Tufte kårhus eller Hi Borlaug Vandrarheim.

Dersom du startar ved Borgund sentrum; 500 meter vidare frå sentrum går fylkesvegen inn i eit kryss som fører inn på E16. Dit skal du ikkje.

Du skal heller sykle rett fram, inn på det som ein gong vart kalla riksveg 60, ein av fleire vegomleggingar mellom 1790-åras kongeveg og dagens europaveg.

Du går forbi privathus og gjennom skog. Etter ei stund syklar du forbi Borgund hyttesenter og camping. Syklar du vidare, kjem du til kryss- og tunnelområdet for nye E16. På vegen må du løfte sykkelen over eit gjerde.

Følg skiltinga, og du syklar vidare ned til nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje. 

Eit anna alternativ er at du i Borgund sentrum tek av til venstre og inn på fylkesveg 273, som er bygdevegen på austsida av Borgundselva som går ned til Borgund kraftverk. Der kjem inn du på turvegen Kongevegen igjen like før Borgund stavkyrkje.

 

HISTORISK OMRÅDE

Borgund stavkyrkje er den mest autentiske og best bevarte av alle stavkyrkjene i Norge. Den stod ferdig heilt i byrjinga av 1180-talet og er ein stor turistattraksjon.

Her er stavkyrkjeutstilling, kafè, butikk og toalett. For å få tilgang til dette må du løyse billett i besøkssenteret.

Klokkestøpulen like ved er den einaste i sitt slag som er att frå mellomalderen i Norge.

Fjelltoppen bak stavkyrkja skjuler ein førhistorisk bygdeborg.

Vidare frå Borgund stavkyrkje har du fleire alternativ på sykkel. Først den autentisk kongevegen over Vindhella. Men Vindhellavegen er den meste trafikkerte delstrekninga av Kongevegen over Filefjell, og strekninga er sårbar. Du bør trille sykkelen. 

Eller setje frå deg sykkelen og gå rundturen Vindhella-Sverrestigen før du set deg på sykkelsetet igjen. Rundturen går i rikt kulturlandskap med mykje historie frå sagakongane og fram til vår tid. 

 

GAMLE E16

Det andre alternativet er anbefalt; å sykle gamle E16 frå Borgund stavkyrkje og ned mot Lærdalsøyri. Etter at E16 er blitt lagt i tunnelar gjennom Lærdal er gamle E16 blitt ei svært attraktiv sykkelrute.

Først kjem du til gardsgrenda Nese. Klyngetunet nede til venstre er eit av to klyngetun som er att i Lærdal. Buforma går tilbake til førhistorisk tid.

Eit stykke nedanfor Nese, på andre sida av elva, ser du huset der trappa går opp i veggen og døra ut i intet. Og der glaskarmane er vendt feil veg. Dette var ein uformell turistattraksjon i Lærdal da E16 gjekk her.

Rundt Nesbergi kjem du til Rimskjold, der Vindhellavegen kjem ned. Du passerer vakre Husum, gamle trebygningar i sveitsarstil som tidlegare var skysstasjon og hotell for trafikken på Kongevegen. I dag har staden opna att under namnet Husum gard.

500 meter til og du møter delstrekninga Øygardsvegen til høgre. Dette er nok ein autentisk kongevegstrekning. Gamle E16 ved sida av er anbefalt.

Då held du fram på gamle E16 over brua til venstre. Her ser du også den gamle steinkvelvingsbrua frå 1863 som vart bygd då kongevegen vart omlagd til det som i dag er gamle E16. Sykle vidare og hald rett fram på gamle E16 når du kjem til nye E16-krysset ved Hagen.

Ved Sjurhaugsfossen (parkering, sitjeplassar, toalett) kjem du til nok eit alternativ; delstrekninga Galdane over brua på di høgre side. Dette er også ein autentisk kongevegstrekning som er freda og i tillegg ligg i naturreservatet Helleren. Sidan du syklar anbefalar me gamle E16 gjennom Seltåsen.

FLOTT LANDSKAP

Hald fram på E16 gjennom tunnelen og langs vegen der kuriøse skilt seier du kan risikere å møte bilar midt i vegen. Både vegstrekninga og skilta er freda. Stogg ved rasteplassen ved Galdane og kikk på det nydelege landskapet; husmannsplassen Galdane med hus frå tidleg 1800-talet, og den praktfulle fossen Sokni.

I dette området er det også store tyske forsvarsverk frå andre verdskrigen. 

Du held fram på sykkel forbi nok ein rasteplass, Koren, og tek inn på gang- og sykkelstien til høgre der gamle E16 byrjar å stige opp mot nye E16. Her held du fram og syklar over brua ved Seltun. OBS: Etter brua må du krysse E16. 

Her stoggar tilgjengelege autentiske kongevegstrekningar. Men turvegen held fram på gang- og sykkelstien langs E16 ned til Bjørkum. 

Stopp ved informasjonstavlene ved Bjørkum. Her kan du lese om det oppsiktsvekkjande funnet av en vikingleir som arkeologane gjorde i 2009. Mellom anna vart ein av dei flottaste vikingkammene i verda funne her, saman med mykje anna rart, som ein vikingtyggis (!)

Kopi av nokre av gjenstandene kan du sjå i besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje.

Sjå også «Nårekista», den store delte steinblokka ved infoplassen. Den låg opphaveleg ved Kongevegen lenger framme, «opna» og delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste. Den er 2,70 m lang og 1,40 m brei. Både botnen og loket er 80 centimeter tjukt.

Ei sagn vil ha det til at ei søkkrik kjempe, eller kanskje var det eit troll, låg i kista med alt sitt gods og gull. Eit anna sagn seier det var kong Heilage Olav si matkiste.

Nårekista vart truleg sprengd i stykker av nysgjerrige kongevegarbeidarane på slutten av 1700-talet. Slik vart ho liggande til ho vart flytt og sett saman att her ved Bjørkum, under vegutbetringa rundt 2010.

 

TROLLET

Så tek du inn på E16 og syklar vidare ned dalen. Etter cirka 800 meter bør du ta ein titt opp i fjellsida til høgre. For den moglege grunnen til at vikinglandsbyen vart lagt til Bjørkum, ser du her.

Trollet «Jutlamannen» står i fjellsida og ser ned på Bjørkum. Vikingane kan ha hatt trollet som ein slags kultisk figur. Her er informasjonstavle.

Du må halde fram på E16 (vegen er 9,5 meter brei inkludert éin meter skulder til å gå og sykle på) ned til innkøyrsla til Stuvane kraftverk (lengde cirka 1,5 kilometer). Ta inn her, og like før du når brua over til kraftverket; følg naturstien langs elva inn til Saltkjelen bustadfelt.

Hald fram gjennom bustadfeltet og deretter langs gangsti til Ljøsne skule. Ved skulen syklar du over den store kvite hengebrua og følger fylkesveg 272 vidare ned dalen.

Rundt deg vil det rike jordbrukslandet i Lærdal opne seg for deg.

 

VATNINGSVEITER

Offisielt kjem det berre mellom 400 og 600 millimeter nedbør i året i Lærdal, men på Ljøsne viser uoffisielle målingar over ein 15-årsperiode berre 280 millimeter årleg nedbør.

På Ljøsne ser du difor ulike former for kunstig vatning, som til dømes vasspredarar. Men tidlegare var sokalla vatningsveiter viktig. Denne kulturminnetypen finn du ikkje mange plassar, men for det nedbørsfattige, og samtidige grøderike jordbrukslandet på Ljøsne var veitene livsviktig.

Den meste kjende i dag er Ljøsnaveiti, også kalla Undebakkveiti. Denne spektakulære veiti forsynte sju gardar oppe på Ljøsnabrekka, og går som ein akvedukt over fleire kilometer.

Vil du ha ein sykkelpause, ligg veita oppe i lia til høgre før du kjem til innkøyrsla til Stuvane kraftverk. Følg veiti ned til garden Øvre Ljøsne, gå ned att til Ljøsne skule og du finn Turvegen Kongevegen ved hengebrua under skulen.

Etter nesten 3 kilometer kjem du til Bø bru. Om du treng å proviantere, kan du ta ein 350 meter kort avstikkar frå sykkelruta bort til Joker Ljøsne.

Sykkelruta går vidare på fylkesveg 272 nedover mot Lærdal. Ved Tønjum går fylkesvegen ut i E16, og du må sykle opp dalen litt igjen og over Voll bru, ei strekning på cirka 1 kilometer (OPS: E16 er mykje trafikkert, ver forsiktig). 

 

TIL LÆRDALSØYRI 

Rett etter Voll bru tek du inn til venstre, denne gong inn på fylkesveg 271 langs «Moldesida» ned til Lærdalsøyri. Den fører deg etter nokre kilometer forbi Lærdal sjukehus, og nokre hundre meter etter sjukehuset tek du til venstre over brua og du er i bustadområda til Lærdalsøyri. Ta siste gate til høgre før du når E16 (gata Sviggum, så gata Sekleppvegen inn til Hansegardsvegen).

Derfrå tek du hovudgata inn til sentrum (gatene Brattegjerdet og Øyramarki), og så inn til gamle Lærdalsøyri. Sykkelruta Kongevegen over Filefjell endar ved den gamle jektehamna.

På Lærdalsøyri kan du overnatte i Den Gule KrambuaSanden pensjonat, Lærdalsøren Hotell eller på Lindstrøm Hotell.

© Copyright Kongevegbedrifter Filefjell SA