Pakketurer

Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar
Toppen av kongevegen og toppen av Filefjell.
STATENSVEGVESEN-KONGEVEGEN-22070.jpg
IMG_2810 – Kopi.JPG

Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå frå Øye opp austsida av Filefjell til toppen på Murklopphøgda, og ned vestsida til Maristova og Borlaug. Vandre bekymringslaust heile fjellpasset av Kongevegen på tre dagar - mens vi fraktar bagasjen. 

 Vær rask, berre 10 plasser!

ANKOMST:
Du har køyrt til Filefjellstuene på Filefjell på eiga hand med bil eller buss og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn.

DAG 1:
Etter frukost sørger hotellet for transport til Øye, der «Kongevegen Fjellpasset» startar. Herfrå vil du gå delstrekninga Øye-Tyinkrysset på cirka 12 kilometer opp austsida av Filefjell.

Turen følger den autentiske kongeveglina oppover til Støndafjorden, vidare opp vestsida av Begna til Varpebrue. Du passerer Skogstad, ein tradisjonsrik gjestgjevargard og skysstasjon, nemd alt i 1663. Kongevegen går gjennom tett granskog før du møter fjellbjørk og hei. Typisk for kongevegen bølger den opp og ned. 
Vidare går du langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før det flatar ut mot Tyinkrysset. Då er du komen 900 m.o.h. og du endar dagen der du starta, ved Filefjellstuene. Turen tek 3,5 til 5 timar. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her.

DAG 2:
Etter frukost startar du ved Filefjellstuene og følger autentisk kongeveg vestover opp mot Kyrkjestølen på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. På Kyrkjestølen kan du ta kaffepause med tradisjonell norsk mat og få ein omvisning på stølstunet. Deretter startar du på den berømte delstrekninga over toppen av Filefjell, Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg til Kongevegens høgste punkt, cirka 1250 m.o.h. Vegen over Murklopphøgda er spanande med storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bjørgvin stift. Her er fin rasteplass.
Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før stien går bratt ned att mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Maristova har ei historie med overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Her skal du overnatte i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit. Turen tek 4-6 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her. 

DAG 3:
Etter frukost startar du ved Maristova og går ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen.
Eit smykke på denne strekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen.
Etterkvart endar du i grenda Borlaug. Turen tek cirka 2 timar pluss eventuell matpause. Her tek du rutebuss tilbake til Filefjellstuene (sjå rutetider under), der bagasjen din er køyrt tilbake og turen «Kongevegen Fjellpasset» sluttar. Les om delstrekninga Maristova-Borlaug her.


I PRISEN FÅR DU:

3 overnattingar i hytte
3 frokoster der du smører lunsjpakke for turen
Sengeklær og romvask
Transport til startpunktet ved Øye
Bagasjetransport Filefjellstuene-Maristova 2. dag og retur 3. dag

PRIS PER PERSON: 
Om du bur i hytte åleine: 4 285,- kroner 
Om to personar bur i samme hytte: 2 960,- kroner
Om tre personar bur i samme hytte: 2675,- kroner
Om fire personar bur i samme hytte: 2 350,- kroner
Hyttene har minst to soverom
(prisane er noko høgare frå 27.06)

EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN:
Middag
Kveldsmat
Buss frå Borlaug til Filefjellstuene siste dag
Guiding/historiefortelling

BUSS:
Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Tyinkrysset klokka 12.15.
Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Tyinkrysset kl. 13.23
(atterhald om ruteendringar).
Alternativ: Solheim Taxi.

ANBEFALTE TILLEGGSOPPLEVINGAR:
Stikk innom Øye stavkyrkje (ved start første vandredag)
Proviantere hjå Joker Tyinkrysset (siste del av første vandredag)
Treng du utstyr? Intersport Tyinkrysset.
Kafèbesøk og omvisning på Kyrkjestølen (du passerer stølen andre dag)
Omvisning i Margretestuen Fjellstovemuseum (andre dag, på førespurnad)
Omvisning på Borlo bygdetun (tredje dag, på bestilling)
Bli ei ekstra natt etter framkomst? Hi Borlaug Vandrarheim.

 

 

 

Jeg ønsker å
Takk for henvendinga, vi tek kontakt så snart som mogleg.
Velg dato for tur
11. juni 2019
Ankomstdato 11.06.2019
Avreisedato 14.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 2 960,- per pers. dersom to søv i samme hytte
17. juni 2019
Ankomstdato 17.06.2019
Avreisedato 20.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 2 960,- per pers. dersom to søv i samme hytte
20. juni 2019
Ankomstdato 20.06.2019
Avreisedato 23.06.2019
Antall plasser 6
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
1 hytte igjen
Pris 2 960,- per pers. dersom to søv i samme hytte
24. juni 2019
Ankomstdato 24.06.2019
Avreisedato 27.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 2 960,- per pers. dersom to søv i samme hytte
27. juni 2019
Ankomstdato 27.06.2019
Avreisedato 30.06.2019
Antall plasser 10
Antall dager 3
Påmeldingsfrist 20.05.2019
Pris 3 320,- per pers. dersom to søv i samme hytte
Ansvarleg
Kongevegbedrifter Filefjell SA
Send e-post